Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Utegangarsau i kystlynghei - lokal næringsutvikling i eit sårbart kulturlandskap
Heilårsbeite med sau har ei historie som går fleire tusen år attende i tid i det norske kystlandskapet. Denne viktige delen av kulturhistoria vår har gitt oss ein karakteristisk dyrerase, utegangersau av gammal norrøn rase. Sauerasen har utvikla seg i nært samspel med danninga og ivaretakinga av eit unikt kulturlandskap; kystlyngheiene. Dette opne landskapet, som strekkjer seg langs atlanterhavskysten frå Lofoten til Portugal, er eit resultat av menneskeleg tilpassing til eit mildt vinterklima. Gjennom heilårsbeite og sviing har mennesket skapt eit kulturlandskap som er særeige for Europa.   Bruksendringar og opphøyr av sauehald har resultert i at kystlyngheiene gror igjen, og dei er no klassifiserte som "svært truga" under EUs Habitatdirektiv. Noreg er ansvarleg for ivaretakinga av dei nordlege kystlyngheiane, men vi har enno ikkje noko heilskapleg verneplan. Ivaretakinga av kystlyngheiane er heilt avhengig av at bruken held fram. Fornya interesse for lokal mat frå produsentar og konsumentar, i kombinasjon med nye legale og økonomiske verktøy for ivaretaking av kulturlandskap er no i ferd med å skape eit positivt miljø for å ta vare på dette særeigne økosystemet. Samtidig er det eit aukande etisk medvit rundt problemstillingar knytt til dyrehelse og dyrevelferd. Forhold som for nokre tiår sidan vart sett på som normale og tilfredsstillande er ikkje nødvendigvis akseptable målt mot dagens standardar.   I dette prosjektet vil ekspertar på landskapsøkologi, agronomi, dyrehelse og landbruksøkonomi gå saman for å skape ei lokal næringsutvikling rundt hald av utegangarsau. Den grunnleggande ideen er at ein kombinasjon av næringsverksemd og skjøtsel av landskapet vil være det mest praktiske og kostnadseffektive verktøyet for å ta vare på dei norske kystlyngheiene i framtida. Berre gjennom målretta og kunnskapsbaserte agroøkologiske tiltak, produktutvikling og marknadsføring, og subsidiepolitikk kan dette truga økosystemet, og den kulturarven det representerer, bli ivaretatt i framtida. Resultat frå prosjektet har overføringsverdi til vanleg sauehald langs kysten. 
Prosjektnummer: 4110032
Prosjektleder: Ann Norderhaug
Medarbeidere: Liv Guri Velle
Avdeling: Bioforsk Vest - Fureneset
Fagområder: Grovfor og kulturlandskap
Samarbeid: NILF, UIB, NVH, UMB, Fatland AS
Start: 2007
Slutt: 2010