Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

N-balanse og N-utnytting i økologisk og konvensjonell mjølkeproduksjong

Tidlegare granskingar har synt at N-balansen og N-utnyttinga i mjølkeproduksjonen er avhengig av driftsintensiteten (Steinshamn et al 2004; Bleken et al. 2005). N-tapet per produsert eining mjølk aukar med intensiteten. Spesielt var det nær samanheng mellom N-tapet og  fôrimporten, dvs. tapet per produsert eining mjølk auka proporsjonalt med fôrimporten til driftseininga. Desse studia var basert på data frå forsøksbesetning i Noreg og publiserte granskingar i ulike Europeiske land. Sidan den tida har intensiteten i norsk mjølkeproduksjon auka kraftig. Blant anna har driftseiningane vorte større og avdråtten per ku har auka, og det er dermed grunn til å granske om denne endringa får noko seie for N-utnyttinga. I prosjektet skal vi bruke data i frå praktiske bruk som er med i NILF si driftsgranskingsbase. I denne databasen er det rekneskapsdata frå mellom 300 og 400 gardsbruk i den aktuelle gruppa, "bruk med mjølk og mjølk/storfeslakt". I basen er alt tilgjengeleg som monetære einingar, og det er ikkje opplysningar om kvanta eller innhald i innførde driftsmiddel og selde produkt.  Vi vil derfor kople data i frå NILF sin databasen med data i frå søknadar om "Produkjsonstilskudd i jordbruket". I den databasen er det blant anna opplysningar om areal, fordeling av ulike jordbrukskulturar på areal, tal på ulike dyreslag, sal av grovfôr. Vidare treng vi opplysningar i frå husdyrkontrollen til TINE rådgjeving. I den basen er det opplysningar om mengde mjølk, mjølkekvalitet, storfeslakt og fôring vi treng. Vi må også gjere nokre kvalitative estimeringar, som til dømes mengd biologisk fiksert N.

Vi ønskjer å kople data frå om lag tre år (2006-2008). Vi skal bruke data frå desse registra til å samanlikne effektar av ulike driftsopplegg: 1) Økologisk mot konvensjonell drift og 2) ulike gradar av intensitet i drifta på dei nemnte parametrane (nitrogenbalanse og nitrogeneffektivitet). Det vil ikkje kome til å bli lagt fram resultat frå enkeltbruk, men for gruppegjennomsnitt og variasjon omkring eit gjennomsnitt.

 

Prosjektnummer: 2010088
Prosjektleder: Håvard Steinshamn
Avdeling: Bioforsk Økologisk
Bioforsk Økologisk - Tingvoll
Fagområder: Økologisk mat og landbruk, Husdyr
Samarbeid: Prosjektet er eit delprosjekt til eit KMB prosjektet "Socio-economic and environmentalimpacts of organic farming" fiansiert av NFR (176800/I10) leia av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning
Start: 2009
Slutt: 2010
Totalbudsjett 300000
Planlagt publisering: Refsgaard, K, Gezelius, S, Korsæth A, Steinshamn H, og Berglann H: Socioeconomic and environmental evaluation of organic and conventional systems Steinsham H og K Refsgaard. Driftsintesitet og N-utnytting i mjølkeprodukjsonen