NIBIO Tjøtta
Adresse: Parkveien, 8860 TJØTTA
Postadresse: Postboks 34, N-8860 TJØTTA
Telefon: 03 246.
Fra utlandet: +47 40 60 41 00
E-post: tjotta@nibio.no Prosjektleder for forebygging mot viltskader og redaktør:
Forsker Inger Hansen
NIBIO Tjøtta
Web-ansvarlig:
Liv Jorunn Hind

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Hjortevilt og beiteskader
Hjortestamma på Vestlandet har auka svært mykje dei siste tiåra og hjortens utbreiingsområde er utvida til nye delar av landet. Sogn og Fjordane er landets største hjortefylke. På landsbasis vart det felt heile 35 700 hjort i 2008 og vinteren 2009. I løpet av dei siste 10-15 åra har også den norske elgbestanden auka og ligg no på omlag 150 000 individ før jakt. Elg koloniserer stadig nye område nordover i landet og utover langs kysten. Aukinga i våre hjorteviltstammar har i ein del tilfelle ført til konfliktar, særlig grunna beiteskadar på eng, skog og hagevekstar.

Utmarka er hjortedyra sitt naturlege beiteområde, men dyra søkjer ofte til innmark for å finne beite. Særleg om våren, men også på gjenveksten om hausten og gjennom heile vinteren vil innmarka vere freistande i område der det er lite snø. Det største avlingstapet vil ein få på 1. slått i eng som er utsett for hjortebeiting gjennom haust, vinter og vår. Andre tilhøve som verkar inn på skadeomfanget på eit skifte er kor tilgjengeleg skiftet er frå utmark,  beitekvalitet i utmarka, topografi, lokalklimatiske tilhøve og graden av forstyrring i nærområdet.  Dette fører til at det er stor variasjon i skadeomfanget over til dels svært korte geografiske avstandar.

I produktiv skog kan intensiv beiting frå elg eller hjort føre til skadar på ungskogen med redusert virkeproduksjon som resultat. Ung gran og furu vert skada ved borkgnaging. Borkgnag i ungplantefelt kan sekundært føre til at stamma brotnar i skadestaden etter eit større snøfall på grunn av at veden i skadestaden mister elastitet gjennom sårhelingsprosessen. I ung alder er furu ofte også utsett for skotbeiting. Skotbeiting er mest kritisk så lenge høgda på trea er så låge at hjorteviltet kjem til og beitar på toppskotet. Elg beitar også lauvtreartane rogn, osp og selje. I områder med høg tettleik av elg kan det vere vanskeleg å få opp nye tre av desse artane.

Foto: Håkon Sund

For temaark og rapporter på dette området, se faner i kolonnen til venstre.

a a a

Elgku og kalv. Foto: Håkon Sund

Elg. Foto: Dordi Mogstad

Beiteskade fra hjort. Foto: Thomas Holm Carlsen

Hjort. Foto: Thomas Holm Carslen

Tettheten av elg har blitt høy mange steder.

Elg i sitt rette element.

Beiteskade av elg eller rådyr på hagebringebær.

Hjorten kan i mange tilfeller representere beiteskader på innmark.