Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Om oss

Tingvoll Sol og Bioenergisenter er eit regionalt kompetansesenter som skal  arbeide for å auke interessa for og kunnskapen om sol- og bioenergi, og bidra til ein bærekraftig energibruk.
Senteret er eitt av tre senter for fornybar energi som Møre og Romsdal fylkeskommune har satsa på. Dei to andre sentra er på Smøla (vindenergi) og Runde (havenergi).


Alle som søker kunnskap om sol- og bioenergi kan ta kontakt.

Målgrupper for senteret er:

  • Elevar og lærarar i grunnskole og vidaregåande skole.
  • Huseigarar og husbyggarar.
  • Byggebransjen
  • Gardbrukarar
  • Offentleg tilsette og politikarar
  • Turistar og interesserte grupper eller enkeltpersonar

Senteret skal:

  • tilby demonstrasjonar, informasjon og kompetanseheving
  • tilby aktivitetar og opplevingar knytt til kunnskap om emnet
  • inspirere og stimulere interesse for realfag hos skoleelevar og andre

Tilbodet til elevar er tilpassa læreplanar, og vil vere basert mykje på aktivitetar, opplevingar, praktisk arbeid og demonstrasjonar. «Learning by doing» er eit sentralt prinsipp.

Kva kan ein sjå på senteret?

I senteret kan du sjå ulike løysingar for oppvarming med solenergi og bioenergi, og det er under oppføring fleire løysingar som vil kome i drift i haust og over nyttår. 

Tingvoll Sol og bioenergisenter er tett knytt opp mot  forskingsinstitusjonen Bioforsk, og er samlokalisert med avdelinga på Tingvoll. Her er det planlagt eit større besøkssenter, noko som vil gjere det ekstra attraktivt å ta turen til senteret.

Senteret tar imot besøkande etter avtale. I tillegg vil vi ha arrangement og tilstellingar med spesielle tema.

a a a