NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter
Utskrift

Nytteorganismar kan redusere skadeorganismar i tunellbær
Norske jordbær "Polka". Foto: Morten Günther.

Forskarar frå Bioforsk har i prosjektet BERRYSYS sett på korleis plasttunellar og planteverntiltak kan bli brukt for å fremje nytteorganismar og redusere skadedyr og plantesjukdommar, og korleis desse påverkar organismane og deira samspel.


Bærdyrking i plasttunnelar er eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere problem med soppsjukdommar utanom mjøldogg, som trivst betre under desse forholda. Men tunellane har auka problema med spinnmidd og nokre andre skadedyr. Denne situasjonen har ført til ein redusert bruk av soppmiddel, men ein auka bruk av skadedyrmiddel. No har forskarar ved Bioforks i Ås testa ut dyrkingssystem og planteverntiltak som fremjar naturlege fiendar som nyttesopp og rovmidd, for å redusere problem med spinnmidd og mjøldogg på jordbær.

Forsker Ingeborg Klingen fortel at dei brasilianske forsøka viser er at ein auka bruk av kjemiske plantevern-middel fører til auka problem med spinnmidd. Foto: Neil Davey

 Ser på samspelet
- Bruken av kjemiske soppmiddel er kraftig redusert ved tunellproduksjon, men dersom skadedyrproblema aukar tilsvarande som problemet med soppsjukdommar avtek er vi nesten like langt. Difor treng vi å utvikle dyrkingssystem som minskar problemet med soppsjukdommar utan at det fører til større problem med skadedyr, seier Ingeborg Klingen, forsker ved Bioforsk Plantehelse i Ås.

Gjennom forskingsprosjektet “BERRYSYS - Ei systemtilnærming til biologisk kontroll i økologisk og integrert jordbærproduksjon” har forskarar ved Bioforsk sett nærare på samspelet mellom skadedyr, plantepatogene sopp og naturlige fiendar i samarbeid med mellom anna landbruksfakultetet ved São Paulo University i Brasil, Koppert Biological Systems i Nederland, Norsk Landbruksrådgjeving og jordbærbonden Simen Myhrene.

Ifølgje Klingen har dei ulike organismane blitt forska på kvar for seg tidligare. - Men for å forstå korleis vi skal kunne handtere eit samansett plantevernproblem i ein kultur er det behov for ei systemtilnærming, seier ho.

- Våre laboratoriestudier viser til dømes at bruk av mange soppmidlar, inkludert svovel som brukast i økologisk produksjon, kan føre til meir spinnmidd fordi soppmidla også hemmar N. floridana. Om dette er viktig i en feltsituasjon har vi framleis problem med å svare bekreftande eller avkreftande på. Men det vi ser i dei brasilianske forsøka er at ein auka bruk av kjemiske plantevernmiddel fører til auka problem med spinnmidd. Vidare viser våre laboratorieforsøk at mjøldogg er med på å redusere spinnmiddens reproduksjon og at mjødogg, rovmidd og svovel i kombinasjon kan redusere spinnmidden ytterligare, påpeikar Klingen.

Avdelingsingeniør Karin Westrum studerar nyttesopp mot spinnmidd. Foto: Neil Davey

Vil gje retningsliner
Ho fortel at forskarane har sett på mange ulike område, frå spørsmål rundt overvintring av nyttesopp og påverknad frå lys/temperaturforhold til storskalaproduksjon av nyttesopp, korleis nyttesoppen påverkar spinnmiddens val av partner og om rovmidd og nyttesopp kan spele på lag.

- Vidare har vi sett på kva slags rovmidd som fins naturleg i eit jordbærfelt i Noreg og i Brasil. Diversiteten og talet på rovmidd ein har funne i norske jordbærfelt samanlikna med brasilianske er høg. Fleire nye rovmiddartar for Norge er også funne, seier ho.

Resultata frå forskinga vil ikkje berre gje nye retningsliner til jordbærbønder i Noreg og internasjonalt, men kunnskapen frå prosjektet kan også bli brukt i produksjon av mellom anna bringbær:

- Prosjektet vil kunne gje ny kunnskap om korleis ein jordbærkultur kan forvaltast for å redusere problem med spinnmidd og soppsjukdommar og ta vare på og fremje rovmidd og nyttesoppen N. floridana. Dette vil ha overføringsverdi til mellom anna dyrking av bringebær og kirsebær i tunnell, seier ho.

- Prosjektet har også resultert i ny kunnskap som kan brukas til å forstå korleis ein kan få etablert og spreidd nyttesoppen N. floridana i ulike plantekulturar og under ulike klimatiske forhold. Denne tek oss et skritt i retninga av å kunne bruke soppen mot spinnmidd i ulike biologiske motarbeidingsstrategiar, som kan brukas av så vel norske som brasilianske dyrkarar. Men her er det framleis ein veg å gå, seier Klingen.

a a a
BERRYSYS -A system approach to biocontrol in organic and integrated strawberry production
Bærdyrking i plasttunell.
Foto: Marianne Mork

Resultata frå prosjektet og retningsliner for dyrkarane vil bli lagt fram eit eige seminar 1.-2. november i Ås, der forskarar frå både Brasil, USA, Danmark og Norge vil vere til stades (link til programmet - Dag 1).

Finansiering

BERRYSYS er eit 4- årig prosjekt (2009-2012) finansiert over Jordbruksavtalen (JA) og frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukter (FFL) (Prosjektnummer 190407), Simen Myhrene og Koppert. Brazilianske studentstipend frå The National Council for Scientific and Technological Development (CNPq) har òg gjeve betydelege bidrag til prosjektet..