NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter
Utskrift

Oftare hausting gjev meir fytoøstrogen og feittsyrer i mjølka
Ku hvem er du.jpg

- Kva kua et, kor ofte graset blir hausta og korleis kyrne vert handsama er ikkje likegyldig for kva slags mjølk vi får. Mjølka har heller ikkje eit konstant næringsinnhald, fortel forskar Annika Höjer ved Sveriges Landbruksuniversitet.


Annika Höjer har saman med forskarar frå Bioforsk, UMB og Aarhus universitetet sett på fôret vi gjev, kyr og korleis det påverkar ingrediensar i mjølk som kan ha helsefremjande effektar. I doktorgraden sin har ho og sett spesielt på innhaldet av fytoøstrogen og feittsyrer i mjølk, og korleis dette blir påverka av når gras til for blir hausta, kor graset blir henta frå og kva det inneheld.

Sortering av rødkløver for bestemmelse av utviklingsstadium. Foto: SLU

Resultata frå fôringsforsøka i Norge og Sverige viste at innhaldet av fytoøstrogen og vitamin var høgare i fôret som vart hausta med kortare tid mellom slåttene.

Fytoøstrogen
Fytoøstrogen finst i gras og andre vekstar. Det finst stoff i vekstane som liknar kjønnshormon hos dyr og menneske. Denne likskapen gjer at dei kan fungere som erstatning for østrogen, og kan for eksempel blokkere eller starte ein hormonreaksjon. Det kan med andre ord verke både som østrogen og antiøstrogen. Sauer som får for mykje fôr med fytoøstrogen kan få problem med fruktbarheit, men desse problema er ikkje påvist hos storfe.

Også menneske kan bli påverka av fytoøstrogen. Først og fremst er det rapportert at fytoøstrogen reduserer førekomsten av hormonavhengige kreftformer, som bryst- og prostatakreft. Fytoøstrogen finst i belgvekstar som soya, kløver og lusern, og i fiberrike planter som rug og grovfôr. Når mjølkekyr får fôr med fytoøstrogen, blir ein del brote ned i vomma, andre delar passerer vomma uforandra, mens andre blir gjort om til stoff med større østrogeneffekt. Ein liten del blir utsondra i mjølka, men mykje kjem ut i urinen.

Stor forskjell
Forsøka som er gjennomført viser stor forskjellar i mjølka, avhengig av innhaldet i fôret. Det var også forskjell i mjølka avhengig av artar og sortar gras. Forskjellige sortar raudkløver gjev ulik samansetting i mjølka. Det kan vere skilnad mellom sortane av raudkløver, men også skilnad på kor langt raudkløverplanta har kome i veksten når den vert hausta og på kor sterke solingstrålinga har vore, temperatur og kor lang dag det er på vekseplassen med meir.

Prosjektet, Phytomilk «Mulig betring av helsefremjande effektar av økologisk produsert mjølk ved val av artar og ved tilskot av mineral og vitamin», vart sett i gang fordi det blir stilt spørsmål ved mjølk og mjølkeprodukt på grunn av høgt innhald av metta feitt. Mjølk har derfor blitt assosiert med ulike sjukdommar. Men forsking har vist at det er fleire ingrediensar i mjølk som kan vere helsefremjande. Blant desse bioaktive komponentane er planteøstrogen, feittsyrer, vitaminer som A og E, endogene hormon og vekstfaktorar.

Resultata frå fôringsforsøka i Norge og Sverige viste at innhaldet av fytoøstrogen og vitamin var høgare i fôret som vart hausta med kortare tid mellom slåttene. Foto: Annika Höjer, SLU

På grunn av meir grovfôr i rasjonen, med høgt innslag av belgvekstar og andre urter, er økologisk produsert mjølk meir og annleis påverka av grovfôret enn konvensjonell produsert mjølk. Som oftast er den basert på fôring av grassurfôr.

- Doktorgraden til Annika Höjer, som er ein del av Phytomilk-prosjektet, gjev oss meir kunnskap om kjemiske og sensoriske eigenskapar hos mjølk. Arbeidet hennar viser òg og samanhengen mellom dyrking og bruk av grasmark og helsefremjande eigenskapar hos mjølk, seier seniorforskar Håvard Steinshamn ved Bioforsk Økologisk, som har ansvar for den norske delen av prosjektet.

a a a
Phytoestrogens and fatty acids in forage and bovine milk
Annika Höjer, SLU

Annika Höjer forsvarar sin doktorsavhandling "Phytoestrogens and fatty acids in forage and bovine milk" ved Institutionen för norrländsk jordbruksvetenskap,
Umeå i Sverige.

PHYTOMILK - CORE ORGANIC

Mulig betring av helsefremjande effektar av økologisk produsert mjølk ved val av artar og ved tilskot av mineral- og vitamin, er finansiert av Noregs Forskningsråd. Prosjektet er eit samarbeid mellom Swedich University of Agricultural Sciences (Umeå and Skara), University of Aarhus (Foulum), University of Joensuu, Norwegian University of Life Sciences