NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter
Utskrift

Leitar etter gift i biemat
Bie på raps Foto Bioforsk.jpg

Kan plantevernmiddel som blir brukt på frø skade bier som syg nektar frå den vaksne planten? Det skal ein rapsåker ved Bioforsk Vest på Særheim vonaleg gje svar på.


Det har vore ein hektisk seinsommar i drivhuset på Særheim. Væpna med pinsett og tynne rør har forskarar gått rundt i rapsåkeren og samla nektar og pollen som no ligg til analyse, så ein kan sjå om det finst spor av insektmiddelet imidakloprid i dei.

- Vi måtte øve mykje på teknikken. Biene er nok flinkare enn oss, vedgår prosjektleiar Trine Eggen.

Raps er biefavoritt
Ei tidleg prøveavling gjorde forskarane nervøse for om plantane ville produsere nok nektar, og mykje energi gjekk med til å uroe seg for veksttilhøva og finne ein god haustingsmetode. Men då den eigentlege forskingsavlinga, ein innandørs rapsåker, sto i blomst i august, såg alt bra ut. Faktisk så bra at den første nektaren gjekk rett i magen på ein sverm humler som hadde teke seg inn gjennom ei lufteluke og hatt fest i blomehavet. Forskarane måtte vente eit par dagar før dei kunne hauste nektar til seg sjølve.

Bier er svært glade i rapsblomar. Foto: Morten Günther

Rapsplantane kom frå frø som var ferdig beisa, som det heiter, med imidakloprid.

- Imidakloprid er ikkje veldig mykje brukt i Noreg, men det er svært utbreidd globalt. I Noreg er det godkjent til bruk på nokre typar frø, mellom anna raps og potet, og til innandørs bruk ved hobbydyrking og i veksthus. Bier er svært glade i rapsblomar, og difor valde vi å undersøke raps i dette forsøket, seier Marit Randall. Ho er seniorrådgjevar i Mattilsynet, som har bede om undersøkinga.

Planten fordeler insektgifta
Det er Mattilsynet som godkjenner alle plantevernmiddel som skal seljast og brukast i Noreg, og resultatet vil difor vere med på å avgjere om godkjenninga for bruken av imidakloprid skal endrast.

Verkestoffet imidakloprid tilhøyrer ei gruppe plantevernmiddel som blir kalla neonikotinoid, og som var utvikla på byrjinga av 90-talet. I motsetnad til insektmiddel som berre tek knekken på insekt under eller rett etter sprøyting, blir neonikotinoidane transportert gjennom planten medan han veks, slik at insekt får gifta i seg når dei syg plantesaft.

- Ein har ikkje trudd at gifta når pollenet og nektaren i særleg grad, men det er viktig å få undersøkt dette nærare. Vi veit at imidakloprid er svært giftig for bier, det er ein av verstingane, seier Trine Eggen.

Difor er det heller ikkje lov å bruke imidakloprid til utandørs sprøyting i Noreg. Men det er stor uvisse knytt til akkurat korleis stoffet blir teke opp og transportert i ulike plantar.

Blir plantane lurt?
- Tidlegare har vi mellom anna undersøkt korleis plantar tek opp legemiddel, som kan bli tilført jorda gjennom avlaupsslam, og då fann vi at raps hadde eit høgare opptak enn andre plantar. I forskinga vår ser vi at det er noko spesielt med raps og rapsfrø, og då lurer vi jo på om overføring av imidakloprid til nektar og pollen også kan vere høgare i raps, seier Eggen.

Mellom anna spekulerer forskarane på om imidakloprid eller nedbrytingsprodukt frå imidakloprid inneheld stoff som liknar dei planten sjølv produserer gjennom stoffskiftet, og som dermed kan lure planten til å sleppe desse framande substansane inn i systemet sitt i større grad enn andre plantar.

- No er ikkje dette tema for det prosjektet vi held på med no. Men når ein er forskar, og ein ser at bestanddelar i eit stoff liknar svært på andre stoff som planten lett tek opp, då ringjer det jo ei bjelle. Det er store skilnader både mellom plantar og mellom artar, og vi veit ikkje alltid korleis eit stoff oppfører seg i planten, seier ho.

a a a
Medskuldig i biedød
Bikuber. Foto: Morten Günther

Dei siste fem-seks åra har honningbiesamfunn i Amerika og Europa døydd ut i stor stil, og det får konsekvensar for matproduksjonen i verda, sidan bier står for pollinering av mange matplantar. Forskarar kan ikkje peike på éi direkte årsak til biedøden, og ein reknar med at fenomenet kjem av ein kombinasjon av faktorar som virus- og bakterieinfeksjonar, midd, soppåtak og plantevernmidlar. Kva plass neonikotinoidane har i dette biletet, veit vi førebels for lite om, men det kjem stadig nye studiar som tyder på at dei må ta ein del av skulda.

To studiar frå 2012 har vist at bier som vart eksponerte for låge dosar av neonikotinoid, mellom anna fekk forstyrra retningssansen og ikkje fann heim att til kuben. Det er også vist at bier som er eksponerte for imidakloprid, er meir utsette for sjukdommar.

- Mange kjende miljøgifter samlar seg nesten berre i rota på plantane, og finst nesten ikkje i dei delane av planten som veks over bakken. Men ein del nye miljøgifter syner seg å ha andre eigenskapar, til dømes høg overføring frå rot til blad og blomar, kanskje også til frø. Korleis dette heng i hop, er noko vi gjerne skulle ha forska meir på, seier forskar Trine Eggen.

Finansiering

Rapsprosjektet er finansiert av Landbruks- og matdepartementet gjennom «Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler», og rapporten skal vere klar i desember. Mattilsynet er i prosessen med å gje innspel om behov for å vidareføre prosjektet neste år. Då ønskjer ein å sjå nærare på overføring av imidakloprid gjennom jord.

- Imidakloprid kan brukast i drivhus, til dømes på grønsaker som skal plantast ut seinare. Det er påvist imidakloprid i samband med avrenning frå veksthus, og vi ønskjer å finne ut i kor stor grad det blir overført til ugras og planter som tiltrekk seg bier, seier seniorrådgjevar i Mattilsynet, Marit Randall.