NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter
Utskrift

«Hermetisert myr» kan gje meir mat
Vassjuk myrjord gjev store klimautslepp. Foto Anita Land, Bioforsk.

Omgraving av myr kan vere ein klimavennleg måte å forbetre myrjord på, og auke norsk matproduksjon.


- For å bli meir sjølvforsynte, må vi dyrke meir jord og forbetre vassjuk jord, seier Sverre Heggset, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving. Han meiner potensialet til den allereie dyrka jorda som vert intensivt drive snart er nådd. Han tykkjer det er rart at det ikkje blir sett inn fleire tiltak for å dyrke meir areal. Det er vurdert at om lag 8-10 % av det dyrka arealet er i dårleg dreneringstilstand, og treng drenering. Det er også ein del av jordbruksarealet som vert drive ekstensivt, og såleis vil gje auka avlingar ved betre drift.

I dag blir det drive matproduksjon på 9,93 millionar dekar i Norge. Av dette er 8,16 millionar fulldyrka, resten er innmarksbeite. Talet har gått jamt ned dei siste åra. Nedgangen har vore større i dei tre fylka på Nordvestlandet enn gjennomsnittet for landet. Sverre Heggset meiner at nye dyrkings- og dreneringsmetodar både kan auke og forbetre arealet med dyrka jord i Norge.

- Potensialet for nydyrking er like stort som det arealet vi har i dag, seier Heggset.

 

Omgraving er aktuell på grunn myr og inntil 1,5 m djupne. Torva vert lagd i botnen. Mineraljord vert lagd på toppen og i skråstilte lag mellom torva, slik at den drenerer. I praksis er laga meir skråstilte enn på figuren. Figur etter småskrift 4/90. Drenering.

 

Dårleg klimarykte

Ein del av det aktuelle nye arealet er myr. Dyrking av myr kan føre til store utslepp av drivhusgassar. Det som særleg kan vere aktuelt å dyrke av myrjord, er grunn og middels djup myr med sjølvdrenerande mineraljord under. Med nye metodar å vende jorda på kan ein både dyrke ny jord og forbetre den tidlegare dyrka myrjorda, og i tillegg få redusert utsleppa av den sterktverkande klimagassen lystgass, trur forskarane utfra foreliggjande resultat så langt.

 

Med nye metodar for å vende jorda kan ein både dyrke ny jord og forbetre den tidlegare dyrka myrjorda. I tillegg får ein redusert utsleppa av den sterktverkande klimagassen lystgass, trur forskarane. Foto: Ivar Bakken ved Norsk Landbruksrådgivning.

 

Ulik kvalitet som dyrkingsjord

Nøkkelen til den nye metoden er å grave opp mineraljord som ligg under myra, og legge den som eit 40-60 cm tjukt lag på toppen. Med visse mellomrom må det vere skråstilte lag med mineraljord frå overflata til undergrunnen som drenerer vatnet. Da blir myrjorda pakka inn (hermetisert), omdanninga i myra vert redusert, og utsleppa av klimagass vert redusert.

- Kor mykje utsleppa av klimagassar vert redusert, prøver vi å finne ut i forskjellige forsøk på myrjord. Dei førebelse resultata har vist seg å vere interessante, med reduksjon i utslepp av lystgass og metan, seier forskar Samson Øpstad i Bioforsk.

Bioforsk Fureneset leier prosjektet DRAINIMP, som ser på kva drenering av jorda betyr for jordfysisk tilstand, avlingar, lystgassutslepp og økonomi i grovfôrdyrkinga på Vestlandet.

Samson Øpstad i Bioforsk understrekar at det er forskjell på ulike typar myrjord. Tidlegare har ein også betra tilstanden til myrjorda ved å tilføre sand og/eller skjelsand i overflata. Det har vist seg å vere bra for avlingsmengd, for bereevna og dermed drifta av myrjord, samtidig som lystgassutsleppa frå jorda har gått ned.

Det er også stor forskjell på kor djupt laget med organisk torvjord er, på kvaliteten av torvjord og kva slags mineraljord som finst under. Myr kan òg ligge rett på fjellgrunn, slik som i visse kyststrøk på Vestlandet, som i Hordaland og på Smøla i Møre og Romsdal. Her kan ein altså ikkje grave opp mineraljord og legge øvst.

- Alt dette må vi ta omsyn til når vi skal sette i gang å dyrke opp jorda, eller forbetre den jorda som er dyrka, seier Sverre Heggset ved Norsk Landbruksrådgivning. Han meiner at metodane for å senke grunnvatnet og drenere har blitt svært gode dei siste åra.

 

Forskarane måler klimagassutslepp frå faste ruter på omgravd, grøfta og naturleg myr. Foto: Bioforsk/Norsk Landbruksrådgivning.

 

Våt jord gjev lite avling

Ei vassjuk jord gjev lite avling, dårleg utnytting av tilført næring og kan gje stort tap av næringsstoff til vatn og luft. Plantene veks betre når dei har passeleg tilgang på vatn, luft og næring. Om jorda er for våt, vil ein få dårleg vekst og mindre matproduksjon. Lystgassutsleppa frå dårleg drenert jord er høge. Graset på ei dårleg drenert jord er også meir utsett for skadar om vinteren. I tillegg vil avlingane på vassjuk jord variere mykje frå år til år. Slike variasjonar gjer at det blir vanskelegare å planlegge drifta for gardbrukarane.

Drenering må tilpassast jordtype, areal og klima. Det er utvikla svært gode metodar for dette, men metodane blir altfor sjeldan tekne i bruk. Det er kostbart å drenere, og drenering krev god planlegging og innsikt frå dei som skal utføre arbeidet.

 

Samson Øpstad ved Bioforsk Fureneset leier prosjektet DRAINIMP. Foto: Anita Land, Bioforsk.
a a a
DRAINIMP

Prosjektet DRAINIMP skal sjå på verknad av drenering på jordfysisk tilstand, arealproduktivitet, lystgassutslepp og økonomi i grovfôrdyrkinga på Vestlandet.

Dette er eit samarbeidsprosjekt leia av Bioforsk Fureneset. Andre medverkande er Bioforsk Tingvoll, Bioforsk Jord og miljø, NMBU, Norsk landbruksrådgiving ved Landbruk Nordvest, NILF.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av FFL (Fondet for forskingsavgift i landbruket) og JA (Jordbruksavtalemidlane), Fylkesmennene sine landbruksavdelingar, fylkeskommunar og landbruksorganisasjonar på Vestlandet, Jord- og myrfondet og eigne midlar frå Bioforsk.