NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter
Utskrift

Finst ingen vedunderkur mot sniglar
Snegler Iberiaskogsnegl Iberiaskogsnegl-pa-blad web.jpg

Nematodar (Nemaslug®), gjerne brukt i kombinasjon med “kannibalmetoden” der daude sniglar dynka i middelet vert brukt som åte, kan vere med på å redusere bestanden av små skogbrunsniglar i norske hagar. Men preparatet har ikkje dødeleg effekt på store sniglar, viser nye forsøk.


Brunskogsnigelen, også kjent som mellom anna mordarsnigelen og iberiasnigelen, er registrert i nesten halvparten av kommunane i landet. Snigelen er ein uboden gjest i norske hagar der han kan ete alt frå blomar og planter til salat, frukt og bær.

Eit av tiltaka som vert nytta for å få bukt med snigelen, er det biologiske preparatet Nemaslug.

Middelet består av nematodar (små parasittar/rundormar), som saman med bakteriar kan drepe brunskogsniglane.

Ettersom brunskognigelen er kannibal og vert tiltrekt av lukta frå andre daude sniglar, blir Nemaslug gjerne nytta saman med “kannibalmetoden”. Denne metoden går ut på at ein heller Nemaslug over daude sniglar og brukar dei som åte slik at andre sniglar blir smitta.

Middelet er meir effektivt når fleire går saman om å bruke det, og mange kommunar, velforeiningar og hageselskap i Noreg nyttar Nemaslug og kannibalmetoden for å kontrollere snigleproblemet.

Men snigleforskar Solveig Haukeland frå Bioforsk åtvarar mot å ha for høge forventningar til verkanden frå tiltaka.

Drep ikkje store sniglar

- Nematoder og kannibalmetoden er greie tiltak, og det er positivt at dette er gjort på dugnad og involverer fleire. Men det er viktig at folk ikkje forventar at metoden åleine vil nedkjempe sniglane. Fleire tiltak må nyttast, påpeikar Haukeland.

Haukeland og forskarteamet ved Bioforsk i Ås har gjort fleire kontrollerte forsøk med brunskogssnigelen og Nemaslug i kombinasjon med kannibalmetoden.

Forsøksfelt for testing av sneglepreparater. Foto: Solveig Haukeland

Ho fortel at arkitekten bak kannibalmetoden, Torstein Mo, fekk gode resultat då han testa den på brunskogsniglar, men at det har mangla vitskaplege forsøk.

- På Bioforsk har vi gjort fleire kontrollerte forsøk, men vi får ikkje den store dødelegheita. Så langt er det ingen klare effektar på vaksne sniglar. Tre månadar etter at dei store sniglane har vore utsett for nematodar, er dei framleis i live.

- Men i laboratoriet får vi tatt opp i mot alle dei små sniglane - rundt 80 prosent av desse døyr, seier Haukeland.

Ho gjer merksam på at forsøka er gjort i “kasser” ute der sniglane ikkje har moglegheit til å rømme, noko som gjev ei anna ramme enn dei naturlege forholda: - I felten kan færre døy, seier ho og legg til at bruken av middelet ikkje er utan utfordringar fordi snigelen faktisk må finne fram til middelet og få det i seg.

Haukeland ser ikkje bort frå at det kan vere langtidverkandar frå rundormen i dei store sniglane: - Når vi har dissekert og sett inni dei store skogbrunsniglane, har vi funne smitte. Så det kan vere at preparatet kan ha verknad på sikt. Dette må vi forske vidare på.

Viktige nedbrytarar

På grunn av den seine våren vert det i år tilrådd å bruke Nemaslug i juni og i slutten av august/ byrjinga av september.

- Det er ikkje sikkert ein vil sjå resultat med ein gong. Her gjeld det å vere tålmodig, understrekar Haukeland.

Det er og viktig å lære seg forskjellen på snigleartane, seier ho. Det er nemlig ikkje slik at ein bør bli kvitt alle typar sniglar i hagen: - Sniglar er viktige nedbrytarar. Nokre sniglar må vi ha!

I England, der Nemaslug først kom på marknaden i 1999, er middelet hovudsakeleg brukt mot ein anna type snigle. I Noreg blir den brukt mest mot brunskogssnigelen, men preparatet kan òg tenkjast ha effektar på andre sniglar. Haukeland seier det også er viktig å finne ut meir om kva slags økologiske ringverknader Nemaslug kan ha.

a a a
Forsøka med Nemaslug  er gjort i kasser ute der sniglane ikkje har moglegheit til å rømme. Foto: Solveig Haukeland