Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter
Utskrift

Potetar får pustevanskar
Poteter. Foto: Ragnar Våga Pedersen

Får ikkje potetane nok frisk luft på vinterlageret, blir dei stressa og slit med pustinga. Betre kunnskap er det einaste som kan gi meir norsk frukt og grønt på norske bord, meiner forskarane.


Eit forskingsprosjekt på betre lagring skal gi potetane pusten attende og gjera det mogleg å selja norske grønsaker mest heile året. Bioforsk og alle som produserer og sel frukt og grønsaker i Noreg, har arbeidd med eit prosjekt i to år. To år står att, og etter halvgått løp kjem nokre av dei fremste forskarane i Europa til Gjøvik for å dele røynsler med lagring.

Ulik farge

– Vi har sett på potet, gulrot, eple og kutta rotgrønsaker, fortel forskingsleiar Eldrid Lein Molteberg på Bioforsk Øst, som er prosjektleiar. Sjølv arbeider ho spesielt med potet. –  Vi har sett at ulike ventilasjonssystem og ulike lagringsprinsipp kan verke ulikt på friteringsfargen, forklarer ho.

Ein potet kan vera så mangt. Felles for dei alle er at dei treng nok frisk luft på vinterlageret. Foto: Erling Fløistad

Det handlar ikkje minst om luft. – Nokre typar ventilasjon har i somme tilfelle gitt litt dårlegare friteringsfarge. Det er sannsynleg at det kan ha med utlufting å gjera; at det kjem for lite frisk luft inn på lageret. Da hopar det seg opp CO2. Potetane blir stressa og får problem med andinga, forklarer ho.

Prosjektet har òg sett på modne potetar og friteringsfarge. – Det er viktig at poteten har stått i bakken den tida den skal, er utvaksen og ikkje er gjødsla for sterkt, fortel Eldrid Lein Molteberg.

Treng kompetanse

– Vi har hatt eit utviklingsprosjekt som viste at vi må ha meir nasjonal kompetanse om lagring, seier Nina Heiberg. Ho er forskings- og utviklingssjef i Gartnerhallen, som har vore med på prosjektet saman med BamaGruppen, Findus Norge, FellesJuice, Hoff, Graminor, NordGrønt, Norgesgrønt, Maarud og KiMs.

– Vi har jo gjort ein del når det gjeld å ruste opp på eplelagring. Vi leigde ein konsulent frå Sør-Tyrol som kunne epler og lagring. Det gjorde at vi gikk til Bioforsk og Nofima for å spørja om dei kunne setta i gang eit prosjekt for å skaffe meir norsk kompetanse på lagring.

Heiberg håper på resultat frå prosjektet; resultat som kan gjera det enklare å selja norsk frukt og norske grønsaker.

Norske grønsaker på vårparten

– På grønsaksida ser vi at vi må bli litt flinkare med lagringa, slik at vi kan lagre litt lenger og halde litt lenger på norske produkt. Vi har akkurat hatt ei gruppe i Nederland for å sjå på sellerilagring, men vi treng heile tida norsk ekspertise for å kunna få hjelp, slår Nina Heiberg fast.

Når vi kjem så langt som til mars, ønskjer ikkje norske produsentar å selja til dømes selleri lenger, for da er kvaliteten for dårleg. – Skal vi auke salet av norske varer, er ein av mange strategiar det å auke salssesongen. På lagringsgrønsakene er dette viktig. Forbrukarane har litt høgare preferanse på norsk mat. Det er ingen som kan love oss at vi får solgt alt sjølv om vi klarar å lagre det betre, men vi må prøve, og tru at det er så høg preferanse for norsk at det gjer at vi ikkje treng å importere, seier Heiberg.

Handlar med auga

Nina Heiberg har òg merka seg at norske potetar tapar i konkurransen for dyre, fine, franske potetar. – Det visuelle har så mykje å seia for potetane, òg. Vi går ikkje i butikken fordi vi skal ha potet, men for å ha eitt eller anna til maten. Er ikkje potetane fine, kjøper vi ris eller pasta. Utsjånaden er plutseleg så mykje viktigare enn for berre fem år sidan. Der er vi tekne litt på senga, vedgår Nina Heiberg i Gartnerhallen.

a a a
Nordisk-Baltisk Workshop: Storage of Fruit, Vegetables and potatoes

3.-4. april arrangeres det et nordisk/baltisk lagringsseminar på Gjøvik, åpent for alle som er interessert i lagring av poteter, frukt og grønnsaker på ulike nivåer. Målgruppen er forskere, rådgivere, studenter og øvrige interesserte bransjeaktører i Norge, Norden og Baltikum. Seminaret vil foregå på engelsk.

Arrangementet har sitt utspring fra prosjektet “Improved quality of Norwegian fruits, potatoes and vegetables after long- and short-term storage” (2010-2014), finansiert av FFL/JA sammen med bransjeaktørene Gartnerhallen, BamaGruppen, Findus Norge, FellesJuice, HOFF, Graminor, NordGrønt, Norgesgrønt, Maarud og KiMs. Våre prosjektpartnere ønskes spesielt velkomne.

I tillegg til presentasjoner fra prosjektet vil det bli foredrag fra fageksperter på ulike områder på nordisk og europeisk nivå. Temaene er innen lagringsfysiologi, lagringssykdommer og lagringsteknikk, primært innen modellvekstene gulrot, epler, poteter og korttidsholdbare grønnsaksblandinger. Foreløpig program kan lastes opp via denne LINKEN eller fra menyen til høyre.

For deltakere som ikke er tilknyttet prosjektet vil det påløpe en deltakeravgift på kr 1000 NOK, i tillegg til dekking av reise og opphold.

For påmeldingsinformasjon og påmelding, trykk HER

Se egen nettside for arrangementet HER