Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Bioforsk fagområder


Bioforsk er ei forskingsinstitutt med spisskompetane på høgt internasjonalt nivå innanfor landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvalting. Bioforsk legg vekt på forskingsbasert innovasjon og verdiskaping. Berekraftig ressursbruk ligg til grunn for alt arbeid i Bioforsk.
Arktisk landbruk
Bioforsk Nord jobber med kunnskapsutvikling om nordlige vekstvilkår, arktisk kvalitet, ressurser langs kysten og i utmarka, og næringsmessig bruk og utvikling av utmark.
Grovfôr og kulturlandskap
Aktiviteten på fagområdet rettar seg mot kundar som ofte ønskjer svar på fagleg samansette spørsmål. Forskingsoppgåvene krev derfor høg kompetanse på fleire anvendte fagfelt, så som agronomi, landskaps-, beite- og planteøkologi, generell plantedyrking, plantedyrking i regulert klima og dyrkingstekniske spørsmål for grovfôrvekstar, korn, potet, bær og grønsaker. Fagområdet har hovudsete på Kvithamar i Stjørdal kommune, men har også aktivitet ved andre Bioforsk-avdelingar, særleg på Særheim på Jæren, Løken i Valdres, Fureneset i Sunnfjord og Landvik i Agder. Les nytt om FoU på grovfôr og kulturlandskap.
Jord, vatn og miljø
Bioforsk Jord og miljø utfører forsking og oppdragstenester innanfor jordkvalitet og jordressursar, klimagassar og karbonlagring i jord, avrenning frå jordbruksareal, vasskvalitet og forvaltning av vassressursar, arealbruk, naturbaserte reinseløysningar, energi og gjødselressursar i biomasse, samt natur og miljø i Barentsregionen. Senteret deltar i ei rekkje forskingsprosjekt i inn- og utland. Les nytt fra Jord og miljø.
Plantehelse og plantevern
Bioforsk har spesialkompetanse på plantesjukdommer, skadedyr, ugras, pesticider, pesticidrester i miljø og vegetabilske matvarer samt biologiske klimaeffekter. Genetikk og varslingssystemer er også viktige områder. Fagområdet ledes av Bioforsk Plantehelse på Ås.
Økologisk mat og landbruk
Bioforsk Økologisk har landets fremste kompetanse på økologisk landbruk. Vi arbeider regionalt, nasjonalt og internasjonalt, etter dei internasjonale prinsippa for økologisk landbruk: helse, økologi, rettferd og varsemd. Forskings- og utviklingsverksemda omfattar prosjekt frå jord til bord.
Korn, poteter og grønsaker
Bioforsk Øst har det faglege ansvaret for forsking og utvikling på korn, poteter, grønsaker, olje- og proteinvekstar, urter, engfrø og gras til grøntanlegg. I tillegg kjem forsking på områder som ikkje er knytte direkte til enkeltkulturar; slik som jordarbeiding, næringsforsyning, presisjonsjordbruk og avrenning frå heilskaplege gardssystem. Ansvaret for den nasjonale verdiprøvinga av plantesortar ligg også her.
Satsingsområder
Bioforsk har oppretta satsingsområder for å ivareta faglege utfordringer knytta til heile produksjonskjeda i landbruket. Nokre av satsingsområda er innretta slik at dei set fokus på nye måter å bruke teknologi på i samband med bioproduksjon.
Hagebruk og grøntmiljø
Bioforsk Vest har det faglege ansvaret for forsking og utvikling på hagebruk og grøntmiljø. Aktiviteten skal dekkja kunnskapsbehov hjå forvaltning, næringsliv og forbrukarar om miljø, produksjonsteknikk og produktkvalitet.
a a a

Bioforsk: Norgeskart, uten navn

Kart: Bioforsk Plantehelse

Kart: Jord og Miljø

Kart: Bioforsk Øst

Kart: Bioforsk Vest

Kart: Bioforsk Midt-Norge

Kart: Bioforsk Økologisk

Kart: Bioforsk Nord

Bioforsk har sju forskingssenter med omlag 450 tilsette, og avdelingar over heile landet. Dette gjev nærhet til den norske marknaden og til regionale utfordringar. Sentera har hovudansvar for kvart sitt fagområde.

Bioforsk Plantehelse har hovudansvar for forsking og utvikling på plantehelse og plantevern.

Bioforsk Jord og Miljø har hovudansvar for jord- og miljøforsking.

Bioforsk Øst har nasjonalt ansvar for forsking og utvikling på korn, poteter, grønsaker, frøavl og sportsgras.

Bioforsk Vest har hovudansvar for forsking og utvikling på hagebruk og grøntmiljø.

Bioforsk Midt-Noreg har hovudansvar for forsking og utvikling på grovfôr og kulturlandskap.

Bioforsk Økologisk er eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk.

Bioforsk Nord har hovudansvar for forsking og utvikling på arktisk utmark.