Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Marianne Mork
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Plantehelse og plantevern
MER OM Plantehelse og plantevern:
Seksjon skadedyr arbeider med skadedyr på planter i jord- og hagebruk, men også med nytteorganismar som lever av eller parasitterar på skadedyra. Skadedyr på planter finn vi hovudsakleg innanfor nematodar, midd og insekt. Enkelte artar av sniglar kan også vera problematiske skadedyr. Vi har for tida eit forskingsprosjekt for å finna effektive metodar for å bekjempa sniglar i åkrar, offentlege anlegg og i private hagar.
Når planter blir sjuke skuldast det vanlegvis angrep av mikroorganismar som sopp, bakteriar, fytoplasma eller virus. Ofte viser plantene symptom på at dei er angripne, men ikkje alltid. Ved avdelinga vår arbeider landets fremste ekspertar på diagnose og tiltak.
Innan fagfeltet vert det arbeid med tiltak mot ugras og anna skadeleg eller uønskt vegetasjon på landbruksareal, i grøntanlegg, langs vegar og jernbanar, og på naturareal. Her finnest også kompetanse på kvantitative metodar, statistikk, risikoanalyse og modellering i forsking på plantehelse, klimaeffektar, og ved utvikling og drift av landbruksmeteorologiske tenester (LMT).
Vi nyttar genetiske og molekylærbiologiske arbeidsmetodar for å få fram kunnskap som kan medverka til miljøvenleg produksjon, og redusert bruk av plantevernmiddel. Eit viktig mål for arbeidet er å forbetra produksjonsmetodane for friskt plantemateriale (frø, stiklingar, poteter etc.) gjennom å forska på samspelet mellom vertsplanter og patogen.
Kjemiske plantevernmiddel vert brukte for å bekjempa skadegjerarar i landbruket. Fordi mange av desse stoffa er svært giftige, ønskjer vi ikkje at det skal verta restar att i mat eller miljø. Studium av korleis plantevernmidla vert nedbrotne i miljøet, og sikre analysemetodar for å finna reststoff i mat og miljø, er derfor svært viktige kompetanseområde for oss.


Bioforsk har spesialkompetanse på plantesjukdommer, skadedyr, ugras, pesticider, pesticidrester i vann og vegetabilske matvarer samt biologiske klimaeffekter. Genetikk og varslingssystemer er også viktige områder. Fagområdet ledes av Bioforsk Plantehelse på Ås.