Fagområdet omfattar miljøteknologi som reduserer forureining til vatn, jord og luft som kjem frå hushald, deponi og samferdsel. Vi jobbar også med miljøovervaking, prøvetaking og analyse av miljøparametrar, og tilbyr laboratorietenester.
Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)
Ansvarleg redaktør:
Nettredaktør:
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Bioforsk Jord og miljø utfører forsking og oppdragstenester innanfor jordkvalitet og jordressursar, avrenning frå jordbruksareal, vasskvalitet og forvaltning av vassressursar, arealbruk, naturbaserte reinseløysningar, biologisk avfallshandtering, samt natur og miljø i Barentsregionen.
Fagområdet omfattar blant anna vasskvalitet, hydrologi, hydrogeologi, integrert vassressurtforvaltning og effekter av klimaendringar.
Fokusområda for FoU-verksemda på Svanhovd-avdelinga vår er: genetikk på brunbjørn, fenologi som verktøy i klimaforsking, nordlege nytte- og prydplanter, verneområder og sårbare artar. Svanhovd er ein aktiv brubyggjar i miljøsamarbeidet i Barentsregionen, og har sidan 1993 hatt ein viktig funksjon i det offisielle norskrussiske miljøvernsamarbeidet. Et temasenter for brunjørn er under etablering på Svanhovd. Brunbjørnsenteret innebærer en utbygging som vil stå klar i 2011.
Fagområdet omfattar avrenning frå jordbruksareal og tiltak for å redusera avrenninga. Erosjon og avrenning av næringsstoff og pesticid er sentrale problemområde. Tiltaka vi arbeider med omfattar blant anna redusert jordarbeiding, gjødsling, hydrotekniske anlegg, vegetasjonssoner og fangdammar. Utvikling av tiltaksanalysar og andre verktøy for lokal forvaltning av nedbørfelt inngår i fagområdet.
Jord består av mineral, organisk materiale, væske, gassar og organismar. Jord er grunnlag for planteliv, matproduksjon og resirkulering av næringsstoff. Jord fungerer også som byggegrunn, arkeologisk arkiv og habitat for jordlevende organismar. Jordkvaliteten vert påverka av bruksmåte og miljøgifter. Jord er ein viktig faktor i klimaproblematikken.
Bioforsk Jord og miljø har brei ekspertise på EUs Vanndirektiv. Vi gjev råd til forvaltningsorgan, og utfører forsking, utviklingsoppgåver og andre oppdrag på overvaking og tiltak. Vi dekkjer både overflatevatn og grunnvatn.
Bioforsk Jord og miljø gjev ut bladet Jord og miljø Info, som kjem ut med 3-4 nummer i året.


