Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Grovfôr og kulturlandskap
førtseslått byggro kvithamar 2_ 676web.jpg Aktiviteten på fagområdet rettar seg mot kundar som ofte ønskjer svar på fagleg samansette spørsmål. Forskingsoppgåvene krev derfor høg kompetanse på fleire anvendte fagfelt, så som agronomi, landskaps-, beite- og planteøkologi, generell plantedyrking, plantedyrking i regulert klima og dyrkingstekniske spørsmål for grovfôrvekstar, korn, potet, bær og grønsaker. Fagområdet har hovudsete på Kvithamar i Stjørdal kommune, men har også aktivitet ved andre Bioforsk-avdelingar, særleg på Særheim på Jæren, Løken i Valdres, Fureneset i Sunnfjord og Landvik i Agder. Les nytt om FoU på grovfôr og kulturlandskap.

MER OM Grovfôr og kulturlandskap:

Jordbruket har gjennom årtusen forma det norske landskapet, og gjort det rikt på biologisk mangfald og kulturminne. Kulturlandskapet er ein fantastisk ressurs for Noreg og norsk landbruk. Bioforsk ønskjer å medverka til betre forvaltning av kulturlandskapet, og til bærekraftig næringsutvikling basert på dei mangfaldige kvalitetane som landskapets byr på.



Grovfôr frå innmark og utmark er basis for ein stor del av husdyrhaldet. Du finn verksemd knytt til fagområdet på mange av Bioforsk sine einingar, i alle landsdelar. Vi arbeider "frå jord til bord": frå sortsprøving via driftsteknikk som gjødsling, beitebruk, haustesystem og fôrkonservering til dyras åtferd, yting og produktkvalitet, samt verknad av driftssystem på kulturlandskap og miljø.



a a a

KVI Ku i kløvereng

ALK Prestekrage

ALK Hesjing

Glimsdalen.JPG

Dagros på beite i kløverenga.
Foto: Astrid Johansen

Prestekrage
Foto: Bolette Bele

Hesjing ved Bioforsk Midt-Norge i forbindelse med museumsdagen ved Stjørdal Museum på Værnes
Foto: Ole Kristian Røset

Glimsdalen
Foto: Bolette Bele