Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Arktisk landbruk
sau Kvaløya utmark -red.jpg Bioforsk Nord jobber med kunnskapsutvikling om nordlige vekstvilkår, arktisk kvalitet, ressurser langs kysten og i utmarka, og næringsmessig bruk og utvikling av utmark.

I 2013 skal Bioforsk i gang med et omfattende prosjekt der man for første gang skal få en helhetlig oversikt over verdifulle kystlyngheilokaliteter på Helgeland.
Optimal dyrevelferd er svært viktig for ei suksessrik og berekraftig reindrift. Dette vil vere hovudtema når Bioforsk Nord og Norges Veterinærhøgskole no inviterer næringa, forskarar og forvaltning til reindriftsseminar i Oslo.

MER OM Arktisk landbruk:
Landbruket i Nord-Noreg er prega av grovfôrbaserte produksjonar, som mjølkeproduksjon og kjøttproduksjon på sau og storfe. Gras og andre grovfôrvekstar som kløver, korn og erter har tøffe vekstforhold i nord, samtidig som det kjølige klimaet med kort og hektisk vekstsesong gjev fôr av varierande kvalitet. Dette er særleg tilfelle på utmarksbeite. Samtidig gjev klimaendringar oss nye utfordringar for grovfôrproduksjon og husdyrhald. Fagområdet rettar seg inn mot både planter og dyr.


Lys døgnet rundt gjer det mogleg å dyrka grønsaker og poteter i heile landsdelen, trass i kort og kjølig vekstsesong. Mange meiner dette gjev eineståande smak og kvalitet. I Bioforsk Nord arbeider vi med å dokumentera korleis dei spesielle klimatilhøva i nord påverkar smak, helsegode forbindelsar og andre eigenskapar hos produkta. Vi ønskjer også å medverka til oppbygging og styrking av produsentmiljøa for potet og grønsaker, gjennom å fokusera på nordleg produktkvalitet og fortrinn.    


Fargesterke frukter, bær og grønsaker inneheld ofte mykje antioksidantar på grunn av høgt innhald av flavonoid og karotenoid. Dei ville bærslaga krøkebær (krekling), blåbær, tyttebær og tranebær er blant dei "beste i klassen". I Noreg rotnar store mengder viltveksande bær kvar haust fordi folk ikkje orkar å plukka og utnytta denne ressursen. I staden vert det importert tonnevis med villbær. Vi håpar forskinga vår kan medverka til at fleire får augo opp for verdien av villbæra.


Nordnorsk Kompetansesenter Holt i Tromsø jobber for å bidra til næringsrettet kompetanseutvikling innenfor landbruket og utmarksbaserte aktiviteter i nord. Nettverksbygging, kunnskapsformidling, prosjektutvikling og FoU arbeid er viktige tiltak. Sentrale fagområder er tradisjonelt landbruk, innlandsfisk, lokalmat, se linker nedenfor.


Utmarksressursar i nordområda representerer eit stort potensial for landbruksbasert næring, samtidig som konfliktnivået mellom ulike interessentar kan vera høgt. Bioforsk Nord har bygd opp kompetanse på førebygging av viltskadar. Dette omfattar rovviltskadar på husdyr, beiteskadar av gjæser og hjortevilt, og andre konfliktområde mellom landbruk og viltinteresser. Revegetering og næringsutvikling med basis i utmarksressursar inngår også i fagfeltet. Vi utfører miljøbiologiske og landbruksfaglege utgreiingar i samband med utbyggings- og vernesaker, og vi utarbeider også sårbarhetsanalysar og forvaltningsplanar, enten åleine eller i samarbeid med andre fagmiljø.


Med bakgrunn i Bioforsks tradisjon og kompetanse på plantedyrking har vi no bygd opp kompetanse på kystøkologi, med vekt på akvatisk plantedyrking. Først og fremst omfattar dette dyrking av algar, men også andre akvatiske planter. Bioforsk Nord har det institusjonelle ansvaret for fagområdet.


 

 

 

 

a a a