NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Frukt og bær
Frukt i Hardanger. Foto: Marianne Mork-Olsvik
Fagseksjonen er delt opp i to faggrupper: frukt og bær. Begge gruppene vert leia frå Ullensvang forskingssenter. Arbeidsoppgåvene i fagseksjonen omfattar faglege spørsmål i heile verdikjeda, frå etablering av felt med frukt og bær, gjennom dyrking, hausting, lagring og omsetning.Her inngår spørsmål knytte til jord og gjødsling, sortar, treforming og tynning, ulike dyrkingssystem, tunneldyrking, optimal haustetid og viktige forbrukarretta spørsmål som innhaldsstoff i frukt og bær. Forskarane i fagseksjonen arbeider også tett opp mot andre fagområde i Bioforsk, mest Plantehelse og plantevern, Økologisk mat og landbruk og Grovfôr og kulturlandskap.

Fruktnæringa i samarbeid med rådgjevinga og forskinga inviterte til Norske Fruktdagar 2012 i Ulvik (Brakanes hotell) 27. og 28. januar.


a a a