Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Marianne Mork
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Grovfôr frå innmark og utmark er basis for ein stor del av husdyrhaldet. Du finn verksemd knytt til fagområdet på mange av Bioforsk sine einingar, i alle landsdelar. Vi arbeider "frå jord til bord": frå sortsprøving via driftsteknikk som gjødsling, beitebruk, haustesystem og fôrkonservering til dyras åtferd, yting og produktkvalitet, samt verknad av driftssystem på kulturlandskap og miljø.
Utprøving nye sortar er viktig for å gje dyrkarane plantemateriale av høg yteevne og kvalitet, tilpassa svært varierande veksevilkår i ulike delar av landet. Vi tester eittårige (grønfôr) og fleirårige (eng) artar av gras og belgvekstar. Vidare vert artane prøvde i forsøk med frøblandingar til slått og beite, for å finna korleis dei høver i lag eller konkurrerar med kvarandre.
Landbruk påverkar miljøet, og klima påverkar landbruket. Vi har og utviklar mykje kunnskap om utnytting og tap av næring ved ulik bruk av husdyr- og handelsgjødsel. Verknad av klima på plantevekst, med tilpassing av dyrkinga ved endra klimaforhold er ei sentral oppgåve. Utslepp av klimagassar frå grovfôrbaserte husdyrproduksjonar, i lag med den totale miljøbelastninga vert eit viktig tema.






