Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Bioforsk Nord Tjøtta
Tjotta_vinter.jpg
Bioforsk Nord Tjøtta ligg 40 km sør for Sandnessjøen i Nordland fylke. Avdelinga held til på den tradisjonsrike Tjøtta gard som i sin tid var heimplassen til skalden Øyvind Skaldespiller og vikinghøvdingen Hårek. Heilt sidan 1930 har Tjøtta gard vore i statleg eige, og vore brukt til landbruksrelatert utviklingsarbeid, forsøk og forsking. Med vår plassering sentralt på Helgeland ligg vi strategisk til i høve til landsdelens viktigaste landbruksområde, og til viktige miljø- og reiselivsressursar som Lomsdal/Visten og Børgefjell nasjonalparkar. Vegaøyan Verdensarvområde er vår næraste nabo i vest.

Bioforsk Nord Tjøtta har i dag sine viktigaste oppgåver knytte til ulike område innanfor landbruks- og miljørelatert FoU. I Bioforsk Nord har avdelinga på Tjøtta fått eit særleg ansvar for fagseksjonen "Miljø og utmark" som blant anna arbeider med førebyggjande tiltak mot rovdyrskadar. Forskarane ved avdelinga har også oppgåver knytte til naturbasert reiseliv, matkvalitet, kulturlandskap og økologisk landbruk. Konsekvensvurderingar knytte til både verneområde og utbyggingsområde er også viktige arbeidsoppgåver.

Bioforsk Nord Tjøtta har også status som fagsenter i landbruk, og i kraft av denne funksjonen samarbeider vi nært med Fylkesmannen i Nordland.

Bioforsk Nord Tjøtta har i dag 15 tilsette. Dei fleste av desse er forskarar med oppgåver innanfor landbruks- og miljørelatert FoU. Gjennom avtale med Tjøtta gard har avdelinga store ressursar med innmark, utmark og husdyr som kan brukast i forsøksverksemda. Ein del av garden vert driven økologisk, og blir brukt til FoU på dette fagfeltet. Bioforsk Nord Tjøtta disponerer også eit 20 000 daa stort utmarks- og fjellbeiteområde innanfor Lomsdal/Visten nasjonalpark.

a a a