Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)
Ansvarleg redaktør:
Nettredaktør:
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Bioforsk Nord Holt held til på Holt-eigedommen på Tromsøya. Holt-eigedommen er eigd av Staten ved Landbruks- og matdepartementet. Den har vore nytta til forsking og utvikling i landbruk og naturbruk i Nord-Noreg sidan 1923. Holt er den einaste attverande jordbrukseigedommen på Tromsøya, og ligger som ei grøn øy i eit pressområde med bustadbygging på alle kantar. Senteret Bioforsk Nord vert leia frå Holt. I tillegg har vi på Holt ansvar for fagseksjonane "Arktisk landbruk og miljø" og "Nordnorsk kompetansesenter".
Forsøksgarden Holt
Holt-eigedommen er på vel 400 daa. I tillegg leiger Bioforsk 55 daa av Troms Fylkeskommune (Åsgård-eigedommen). Av totalt 230 daa innmark er 35 daa Debio - godkjent økologisk areal.
På eigedommen er det til saman 14 bygningar, blant anna kontorbygg, klimalaboratorium i samarbeid med Universitetet i Tromsø, veksthus, barnehage og fleire bustadhus.
Det er lagt ned mykje arbeid for å opna Holt-eigedommen for allment bruk. Det er laga gode turstiar, natursti, arboret og treningsbane for golf på. Vi har også planar om å etablera ein 4H-gard i den gamle driftsbygningen.
Arktisk landbruk og miljø
Fagseksjonen omfattar forsking på nordleg produksjon av grovfôr, poteter, bær og grønsaker. Vi arbeider også med revegetering av utmark etter køyreskadar eller anleggsverksemd. Vi tek også på oss oppdrag som utgreiingar, konsekvensanalysar og liknande. Du finn meir om vårt faglige arbeid under fagområdet "Arktisk landbruk", undertema "Grønsaker og poteter under midnattssol", "Grovfôrproduksjon i Nord" og "Ville bær".
Nordnorsk kompetansesenter
Gjennom Nordnorsk kompetansesenter har Bioforsk Nord ei viktig rolle som regional tilretteleggjar for nyskaping og utvikling i landbruk og naturbruk. Målet er å initiera og støtta nærings- og kompetanseutvikling, og å stimulera til nyskaping både hos bønder, andre primærnæringsutøvarar, og vidare i verdikjedene. Gjennom sterke nettverk vil desse næringane oppnå og oppretthalda konkurransestyrke, sjølv om marknadstilhøve og rammevilkår endrar seg.
Nordnorsk kompetansesenter legg vekt på særeigne fortrinn, formulert som "arktisk kvalitet i produkt frå inn- og utmark". Vi jobbar særleg med næringsutvikling på fiskeressursar i innlandet, betre verdiskaping frå lokalmat, og med vidareutvikling og større mangfald i tradisjonell landbruksproduksjon. Vi ønskjer også å medverka til næringsutvikling i reindrifta.
Andre bedrifter
som held til på Holt er Universitet i Tromsø, Ayanda AS (ProBio), Tromsø og Omegn Forsøksring, Landbruk Nord og Naturtjenester i Nord AS.








.jpg)



