Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Bioforsk Økologisk, Tingvoll
adm bygning kmck.jpg Foto: Kirsty McKinnon

Forskingssenteret Bioforsk Økologisk er nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk. Vi arbeider med heile verdikjeda frå jord til bord. I tilknyting til senteret fins det eit økologisk gardsbruk, økologisk hage, laboratorium, klimarom, bibliotek og komposthus.


Bioforsk Økologisk ligg i Tingvoll kommune på Nordmøre. Senteret har 30 tilsette. I tillegg er rundt 20 fagpersonar ved andre Bioforsk-avdelingar knytte
til fagområdet Økologisk mat og landbruk. Administrasjonsbygningen ligg på Tingvoll gard med nydeleg utsikt over fjord og fjell.

Stjernehagen - økologisk hage

Demonstrasjonshagen ved Bioforsk Økologisk på Tingvoll er verd eit besøk! Noko av den vert brukt som skulehage, kjent frå programmet Grønn glede i NRK. I vekstsesongen er det faste arrangement i hagen.

Tingvoll gard

Eit forpaktarpar driv Tingvoll gard. Dei har rundt 25 årskyr, og produserer økologisk mjølk. Garden er på 300 daa innmark, og er open for omvising. Nytt fjøs er under planlegging. Bioforsk Økologisk har også forsøks- og demonstrasjonsfelt på garden, knytte til prosjekta som er i gang. Ein verstasjon er også lokalisert på Tingvoll gard.

Laboratorium og bibliotek

Senteret har laboratorium og klimarom. I administrasjonsbygningen er det 35 kontorplassar som Bioforsk Økologisk disponerer, og fem kontorplassar som leiges ut til andre. Senteret har eit fagbibliotek med mykje litteratur om økologisk landbruk.

Sol- og bioenergisenter

Tingvoll Sol og Bioenergisenter er eit regionalt kompetansesenter som skal arbeide for å auke interessa for og kunnskapen om sol- og bioenergi, og bidra til ein bærekraftig energibruk.
Senteret er eitt av tre senter for fornybar energi som Møre og Romsdal fylkeskommune har satsa på. Dei to andre sentra er på Smøla (vindenergi) og Runde (havenergi).

Kulturminne

Tingvoll gard var tidlegare prestegard. Her finst det mange kulturminne og flotte turområde. Garden ligger midt mellom det aktive bygdemuséet og steinkyrkja i romansk stil frå ca. 1180. Dette er grunnen til at kommunen satsar på eit opplevingssenter bygd på kultur, historie, miljø og økologi. Før låg det eit stjerneobservatorium der hagen ligger no. Derfor kallar vi den for Stjernehagen. Eit nytt hus med stjernekikkert er no på plass. Her kombinerer vi altså historie, astronomi og agronomi.

a a a

Kart: Bioforsk Økologisk

2 flyfoto Tingvoll gard 2005

tingvollku2009

3 stjernehage.jpg

4 oversikt oab.jpg

5klimarom.jpg

6 forsoskfelt.jpg

7forsoskfelt med salat

8 tingvoll lab.jpg

9 stjernehustingvoll.jpg