Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Marianne Mork
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Bioforsk Midt-Norge har lang erfaring med eksperimentell forsking, og bruk av statistiske metodar. For å møte nye kunnskapsutfordringar er senteret i ferd med å byggje opp kompetanse også innanfor bruk av livslaupsanalysar og modellering i GIS.
Forskinga er i stadig oftare organisert i interne forskargrupper som også samarbeider med eksterne FoU-miljø. Men framleis kan ei rekkje oppgåver utførast av enkeltforskarar. Konseptuelle løysningar er likevel viktige for å kunna nå både djupt og breitt nok i høve til ein del sentrale FoU-tema for forskingssenteret:
- Rett bruk av artar og sortar, og optimale dyrkingstekniske løysingar for å sikre landbruket best mogleg lønsemd i grovfôrbaserte husdyrproduksjonar.
- Kunnskap om samanhengar mellom landbruksproduksjon og viktige verdiar i kulturlandskapet
- Produksjon av offentlege gode og økosystemtenester i landbruket.
- Dynamikken i og betydinga av viktige utviklingsprosessar som gjengroing, intensivering av landbruksproduksjonen, endring av produksjonssystema i landbruket, og andre utviklingstrekk i høve til biologisk mangfald.
- Plantevekst og kvalitet i høve til klima og klimaendringar. Verknader på framtidig planteproduksjon i inn- og utmark.
- Innovasjonar i planteproduksjonen, planter til bioenergiformål, dyrkingsteknikk og sortsprøving i fôrvekstar, potet, jordbær og bringebær.
Kvithamar var i mange år den viktigaste stasjonen for planteforedling i Planteforsk. I dag er GRAMINORs sortsutvikling i bygg i stor grad lokalisert til Trøndelag, med betydeleg samarbeid med Bioforsk Midt-Norge. Dei seinare åra har det vore lagt stor vekt på utvikling av nye sortar og dyrkingsteknikk som reduserer problema plantesjukdommar, og som tilfredsstiller kraftfôrindustriens krav til råstoffkvalitet.


