Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Bioforsk Vest Fureneset
Fureneset haust. Foto: Bioforsk Vest

Fureneset fagsenter ligg ved kysten i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Lokaliseringa er representativ for kystsona i midtre og ytre fjordstrok på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og vind. Det har vore drive forsking på Fureneset sidan 1938.

 


Forsking og kompetanse

Bioforsk Vest Fureneset har 11 tilsette, seks vitskaplege og fem teknisk/administrative.

Hovudarbeidsområdet ved Fureneset er utviklingsarbeid, forsking og rådgjeving innanfor grovfôrdyrking og kulturlandskap. Forskinga ved Fureneset skjer gjennom samarbeidet om fagområda i Bioforsk: Grovfôr og kulturlandskap, Økologisk mat og landbruk, og Plantehelse og plantevern.

Fureneset driv rådgjevings- og serviceverksemd for landbruksnæringa i vestlandsregionen. På oppdrag frå landbruksavdelingane ved Fylkesmannsembeta i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal utfører Fureneset fagsenter utprøvings- og utviklingsarbeid for landbruk og landbrukstilknytt verksemd. Mykje av arbeidet er retta mot grovfôrdyrking, medrekna økologisk dyrking, beitebruk og landbrukets kulturlandskap.

Skjøtsel av kystlynghei er eit av satsingsområda våre. Vi forskar også på fôrkvalitet, overvintring av engvekstar i intensive fôrdyrkingssystem, utvikling og tilpassing av rammevilkår for arealekstensive driftsformer i vestlandsjordbruket for å ivareta eit ope kulturlandskap, skader av hjortebeiting på eng og skog, og kamp mot siv i eng og beite. På oppdrag for planteforedlingsfirmaet Graminor AS er Fureneset vestleg utprøvingsstad for gras.

Vi utfører også langvarige forsøk med ulike driftsmåtar og gjødsling; kortvarig omlaup, mellomlangt omlaup og varig eng (starta i 1968). Det er òg langvarige forsøk (starta i 1978) på torvjord (myr) der vi ser på tilførsel av stigande mengder mineralmateriale (morenejord) og omgraving.

Fureneset disponerer 230 daa dyrka jord. Av dette vert 100 daa brukt til forsøksføremål, og 120 daa leigd bort på korttidsavtalar. Dyrkingsreserven er på 130 daa.

a a a

Jordbrukslandskap. Foto: Bioforsk

grankvist1.jpg

Sau på utmarksbeite. Foto: Norvald Ruderaas