Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Bioforsk Vest Særheim
Kontorlokale Særheim

Særheim ligg i Klepp kommune på Jæren, 30 km sør for Stavanger. Administrasjon og leiing av Bioforsk Vest er plassert her, saman med fagansvaret for fagområdet "Hagebruk og grøntmiljø".


Sidan senteret ligg midt i landets største husdyrdistrikt, har vi i tillegg ein betydeleg FoU-aktivitet på grovfôrdyrking og beiting. Særheim vart oppretta som forsøksgard for Sør-Vestlandet i 1965. Verksemda ved den gamle forsøksgarden på Forus (oppretta i 1911) vart samstundes nedlagt og flytta til Særheim. I tillegg til Bioforsk held Norsk landbruksrådgjeving Rogaland, Tine Meieriet Sør, Norsk sau og geit, Vinterlandbruksskulen på Jæren, Høgskulen for landbruk og bygdenæringar og Klepp gardsrekneskap til på Særheim.

Forsking, kompetanse og fasilitetar

Bioforsk Vest Særheim har 17 tilsette, åtte forskarar og ni forskingsteknikarar/rådgjevarar. Alle forskarane har doktorgrad.

Plantedyrking i regulert klima, planter til utomhusbruk, juletre og pyntegrønt, samt etablering og skjøtsel av grøntanlegg er hovudarbeidsområdet til Bioforsk Vest Særheim. I tillegg er tidlegproduksjon av bær, og økologisk dyrking av grønsaker i veksthus viktige område. Vårt FoU-engasjement dekkjer heile produksjonen, frå jord til bord, med hovudvekt på produksjonssystem og produktkvalitet (til dømes haldbarheit, smak og mattryggleik). På fagområdet grøntmiljø legg vi særleg vekt på etablering og skjøtsel av grøntanleggsplanter, utvikling av miljøvenlege metodar for parkdrift, og utvikling av vekstmedium for grøntmiljøplanter basert på kompost. Senter har også eit betydeleg engasjert i regional næringsutvikling. 

Særheim har cirka 500 daa fulldyrka jordbruksareal til disposisjon for feltforsøk. Av dette er 80 daa i dag lagt om til økologisk drift. Plantefysiologiske undersøkingar i samband med dyrkingsklima, planteernæring og produktkvalitet er kjerneområde i forskinga vår. Vi har fleire godt utstyrte veksthus, klimarom og vekstkabinett. Senteret er også utstyrt med kuvetter for fotosyntesestudiar, innfrysingsutstyr for testing av vinterherdighet, kjøle- og fryserom, feltlysimeter og meteorologisk målestasjon. Senteret har ein driftsbygning med plass til 96 storfe.  

a a a

tomat.jpg

Veksthus med Planter Særheim

Særheim