Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Marianne Mork
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Løken ligg i Valdres i Øystre Slidre kommune. Tunet ligg på 530 moh., og stølen Berset på 1000 moh. Ved Bioforsk Øst Løken arbeider vi hovudsakleg med spørsmål knytte til fagområdet Grovfôr og kulturlandskap, under leiing frå Bioforsk Midt-Norge. Løken har eit særleg ansvar for landbruks- og landbrukstilknytte næringar i dal- og fjellbygder.
Bioforsk Øst Løken har 14 tilsette, 7 forskarar og 7 teknikarar. Hovudområdet for forskinga vår er grovfôrdyrking, som både omfattar konvensjonelle og økologiske driftsformer, med vekt på utnytting og bruk av næringsstoff. Utvikling av berekraftige driftsformer er sentralt. Vi legg også stor vekt på stølsdrift og utnytting av utmarksbeiting for å produsere mat med spesielle kvalitetar. Planteforedling i gras og kløver har vore eit viktig arbeidsområde for Løken, og om lag 15 % av verksemda ved avdelinga er oppgåver innanfor planteforedling og genressursar, på oppdrag frå Graminor AS.
Løken har den faglege leiinga for eit større prosjekt som omfattar jordvern i urbane strøk. Nye satsingsområde er arbeid for å redusere lystgassutsleppa frå landbruket, og bruk av livsløpsanalysar (LCA) for å avklare klimaeffektar av ulike måtar å produsere og omsetje mat på.
Løken disponerer 280 daa jordbruksareal i bygda, og 45 dekar på stølen. På grunn av foredlingsarbeidet for Graminor AS er Løken ein relativt stor feltforsøksstasjon.
Løken måler kontinuerlig næringsavrenning frå 15 gardsbruk, både frå jord- og skogareal, i to bekkestasjonar. Løken har veksthus og forsøksanlegg for husdyrgjødsel. Ved NIR-laboratoriet blir det utført kvalitetsanalysar av engvekstar for Bioforsk, forsøksringar og andre som ynskjer rask gjennomføring og rimelege analyseresultat.
Løken er den eldste forsøksgarden i landet med 26 bygningar i alt. Dei fleste bygningane er verneverdige. Løken vart oppretta som forsøksgard for fjellbygdene i 1918.
Det er tilsett ein fjellbygdpilot på Løken. Stillinga skal sikre betre samhandling mellom næringsliv, forvaltning og forsking.













