Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Marianne Mork
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Forsking og kompetanse
Det er 16 tilsette på Landvik, 8 forskarar og 5 forskingsteknikarar. Den nasjonale forskingsleiinga innanfor grønsaker, frøavl og sportsgras er plassert her.
I grønsaksforskinga står balansert næringsforsyning, gjødslingsteknikk og større mangfald i vareutvalet sentralt. Andre viktig område er kvalitet og helseverknader av grønsaker i kosten. Det er særleg interessant å studera innhaldet av helseriktige stoff i ulike grønsaksartar og -sortar, og innverknaden dyrkingsteknikken har på desse stoffa. Bioforsk Øst Landvik er også sentral når det gjeld forsking på økologisk grønsakproduksjon og tidlegpotet.
I frøavlsforskinga arbeider vi mest med frøavl av gras og kløver, men avdelinga har også spesialkompetanse på frøavl av grønsaker og blomsterartar.
Bioforsk Øst Landvik har bygt opp forskingskompetanse på sportsgras, og vi har eit av dei beste anlegga for golfgreen-forsking i Europa. Dette fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og består av to lysimetergreenar, og tre andre forsøksgreenar, samt fairwayforsøk. I tillegg vert ein minifotballbane brukt til forsøksformål. Vi samarbeider tett med Norges Golfforbund, Norges Fotballforbund, kommunar og idrettslag om kursing, møte og konsulentoppdrag, i tillegg til forskinga.
Eininga leiar også prosjekt med revegetering av vegkantar, anleggsområde og liknande.
Landvik er godkjent som autorisert frøforretning, og vi har utstyr og kompetanse for reinhets- og spireanalysar av frø, og eit velutstyrt frøreinsingsanlegg. Vi utfører også analysar av kompost, og har eit vevslaboratorium med vekstrom.












