Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1432 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Marianne Mork
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Apelsvoll ligg på Kapp på vestsida av Mjøsa i Østre Toten kommune, 250 moh. Leiinga av Bioforsk Øst, og ansvaret for FoU-området "Korn, poteter og grønsaker" er plassert her. Forskinga på Apelsvoll starta på 1930-tallet. No står forsøksstasjonen fram som ein av dei mest allsidige i landet.
Bioforsk Øst Apelsvoll har 46 tilsette. Av desse er 21 forskarar og 14 forskingsteknikarar.
Korn, oljevekstar, poteter, grønsaker og urter er hovudarbeidsområda våre. I tillegg er bær og sportsgras viktige område. Forskinga omfattar heile produksjonen, slik som sortsspørsmål, jordarbeiding, næringsforsyning, driftssystem, plantehelse, økologisk produksjon, avrenning og utvasking frå jordbruksareal. Vi utfører verdiprøving av sortar innanfor korn, poteter og fôrvekstar på oppdrag frå Mattilsynet. Presisjonsjordbruk og jordbruksvekstar for bioenergi er blant dei nye satsingsområda våre.
Apelsvoll har ulike sensorar til spektrale målingar, og høg kompetanse på mulitivariate analysar. I 2009 tok vi i bruk fjernstyrt helikopter til fjernanalyse.
Apelsvoll disponerer 800 daa moldrik morenelettleire med opplegg for vatning. 100 daa vert drive økologisk. Feltforsøk har høg prioritet, og Apelsvoll har mykje kompetanse på dette feltet. Forsøksbygningane våre har godt utstyr for analyse av jord- og plantemateriale.
Apelsvoll har spesialiserte testfelt for sportsgras, veksthus for oppal av planter, og tunnelar for moderne bærproduksjon. Tunnelar for forsking på klimaeffektar på ulike kvalitetsparametrar i korn vart etablert i 2009.
Apelsvoll har eit feltlysimeter på 32 daa med 12 blokker og 6 ulike driftssystem. Det har vore i drift sidan 1989, og vert brukt til spesialundersøkingar på driftssystem. Vi har også langvarige gjødslingsforsøk (starta 1922) og jordarbeidingsforsøk.













