Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS
Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)
Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen
Nettredaktør:
Morten Günther
Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.
Vi utviklar og brukar morfologiske, biologiske, mikrobiologiske, immunologiske og DNA-baserte metodar for å påvisa skadegjerarar i planteprøver. Dyrkarar, rådgjevarar og forvaltningsinstitusjonar leverer inn prøver til oss av planteprodukt og importerte planter. Grunnforsking og anvendt forsking om skadegjerarar er kjerneverksemda ved Bioforsk Plantehelse. Studium av samspel mellom vertsplante og skadegjerar gjev grunnlag for å utvikla effektive tiltak mot sjukdomar, skadedyr og ugras.
Alternative metodar for kontroll av skadegjerarar er eit fokusområde for Bioforsk Plantehelse. Optimal bruk av nyttedyr, nyttesoppar og duftstoff er blant metodane vi utviklar for å redusera behovet for kjemiske plantevernmiddel.
Bioforsk Plantehelse utarbeider varsel og prognosar om fare for angrep av skadegjerarar i viktige kulturplanter. Dette er viktige verktøy for rådgjevingstenesta og produsentane når dei vurderer behov for sprøyting.
Integrert plantevern (IPV) er ein hovudstrategi for forskings- og utviklingsarbeidet i Bioforsk Plantehelse. Integrert plantevern kombinerer alle metodar som let seg sameina for å halda bestanden av skadegjerarar under det nivået som gjev økonomisk skade. Alternative kontrollmetodar er også sentrale for å nå måla i "Handlingsplan for økologisk landbruk".
Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, planteprodusentar og organisasjonar i landbruket er viktige oppdragsgjevarar for Bioforsk Plantehelse. Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd, Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Forskingsmidlar over Jordbruksavtalen og anna næringsliv utgjer ein betydeleg del av aktiviteten vår. Bioforsk Plantehelse underviser også i plantevernfag ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB). Vi har høg kompetanse på å vurdera risiko ved ulike plantesjukdomar og skadedyr for Vitskapskomitéen for mattryggleik. Norske forbrukarar, produsentar, rettleiingstenesta og forvaltningsorgan nyt godt av vårt arbeid for trygg matproduksjon utan negative innverknader på miljøet.








