Bioforsk
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1500)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

Bioforsk har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Bioforsk Jord og miljø, Svanhovd
Svanhovd. Foto: Ragnar Våga Pedersen

Bioforsk Svanhovd har sidan 1993 hatt ansvar for miljøforsking og samarbeid i Barentsregionen. Svanhovd har eit utstrekt samarbeid med biologiske og miljøfaglege forskingsinstitusjonar i Nordvest-Russland og i mange andre land.

Her har vi også konferansesenter med 50 overnattingsplassar, nasjonalparksenter for Øvre Pasvik nasjonalpark og ein botanisk hage.


Geografi

Svanhovd ligg midt i Pasvikdalen, 4 mil sør for Kirkenes, på grensa mellom Noreg, Finland og Russland. Denne lokaliseringa gjev eit unikt utgangspunkt for samarbeid på tvers av landegrensene. Svanhovd konferansesenter med botanisk hage og nasjonalparksenter er ein sentral møteplass i Barentsregionen.

Historie

Svanhovd vart etablert som Statens forsøks og demonstrasjonsgard i 1934. Den var et viktig kompetansesenter for bureising og norske kolonisering i Pasvikdalen. Svanhovd skulle vera eit mønsterbruk der bureisarane kunne sjå, læra, og få rettleiing under arbeidet på sitt eige bruk. Formålet var å avla fram det beste innanfor husdyr og kulturplanter, og å gje bureisarane forkjøpsrett til dette. Det vart også drive forsøk med grøfting, jordarbeiding, gjødsling, kulturplanter og anna nyttig jordbruksteknologi for distriktet.

I 1987 vart Svanhovd ein del av Statens forsøksstasjonar i landbruk (SFL).

Utover på 1980-talet vart ein i stigande grad klar over miljøtrugsmål frå Nordvest-Russland, særleg svovel- og tungmetallutsleppa frå Nikkel-verket, og atomavfall på Kolahalvøya. Saman med opnare grenser mot aust førte dette til at den gode kontakten mellom Finnmark og Nordvest-Russland frå før den kalde krigen, vart teken opp att.

Desse politiske endringane fall saman med at tenestene til Svanhovd forsøks- og demonstrasjonsgard ikkje lengre var attraktive for den lokale jordbruket. Det vart laga ei utgreiing som drøfta ulike løysningar for Svanhovd, og i 1993 såg Planteforsk Svanhovd miljøsenter dagens lys. Landbruks og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Finnmark fylkeskommune og Sør-Varanger kommune gjekk samen om å definera nye oppgåver for Svanhovd, med faglege vekt på natur-, miljø- og landbruksforsking, og på samarbeid i Barentsregionen. Svanhovd skulle byggjast opp til ein møtestad i regionen. I 1997 sto konferansesenteret ferdig. Den botaniske hagen vart offisielt opna i 1999, og i 2001 vart Øvre Pasvik nasjonalparksenter autorisert.

Sidan 2006 har Svanhovd vore ein del av Bioforsk Jord og miljø.

Unik natur i aust

Pasvikdalen ligg i det nordvestre hjørnet av den sibirske taigaen, og høgreist furu- og bjørkeskog dominerer landskapet i dalen. Her finn vi austlege artar som ikkje finst andre stader i Noreg. I nasjonalparken i Øvre Pasvik finn vi landets største samanhengjande intakte urskog. Inntil nasjonalparken ligger Øvre Pasvik landskapsvernområde, og rundt Gjøkbukta i Pasvikelva ligger Pasvik naturreservat som skal verne om den rike bestanden av sjø- og vadefuglar i området. Samla utgjer verneområda på norsk, finsk og russisk side av grensa Pasvik-Inari Trilateral Park som av EUROPARK-federation er sertifisert som den einaste trelaterale naturparken i Europa.

Pasvikdalen er kjent for å ha Noregs største stamme av brunbjørn. Det har vore usikkert kor stor bestanden. Bioforsk Jord og miljø Svanhovd har i mange år kartlagt og overvaka Pasvikbjørnen ved hjelp av moderne metodar.

Klikk her for å lesa meir om bjørneforskinga.

 

a a a

Svanhovd, botanisk hage. Foto: Ingrid Jensoll

Svanhovd,  kart over Barentsregionen

Svanhovd nasjonalparksenter. Foto: Ragnar Våga Pedersen

Svanhovd Ovre Pasvik nasjonalparksenter

Svanhovd, konferansesenter. Foto: Morten Günther

Svanhovd Pasvik. Foto: Espen Aarnes

Svanhovd, brunbjørn, nasjonalparksenter

Svanhovd bjork

Svanhovd stabbur