NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Del på Twitter Del på Facebook
Utskrift
Bioforsk Jord og miljø, Ås
Bioforsk Jord og Miljø, Ås
Arbeidsområdet til Bioforsk Jord og miljø, Ås ligg innanfor jord, vatn, avfallsressursar og tilhøyrande miljøspørsmål. Avdelinga er organisert i fire fagseksjonar: Arealbruk og tiltak, Jordkvalitet, Naturbasert reinseteknologi, og Vasskvalitet og hydrologi.

Bioforsk Jord og miljø, Ås har 65 tilsette. Ca. 50 av desse er forskarar. Dei representerer ein brei fagleg bakgrunn som omfattar jordfag, hydrologi, agronomi, mikrobiologi, naturforvaltning, biologi, miljøkjemi, geologi, miljøteknologi og samfunnsøkonomi. Omlag 60 % av forskarane våre har doktorgrad.

Kontora våre ligg i Jordforskbygningen i Saghellinga på Campus Ås, i nært naboskap med Universitet for miljø og biovitskap (UMB). I forskingslaboratoriet vårt utfører vi spesialanalysar og laboratorieforsøk med jord, vatn, avfall og filtermedium i ulike skalaer. Miljøovervaking av jord, overflatevatn og grunnvatn er viktige arbeidsoppgåver for oss, og vi har blant anna ansvaret for JOVA - Jord og vassovervaking i landbruket. Dette er eit nasjonalt overvakingsprogram for landbruksdominerte nedbørfelt. Mykje av forskinga vår går føre seg ute i felt, i overvakingsfelt, og i andre forureiningsbelasta, påverka eller upåverka lokalitetar i terrestrisk miljø.

Bioforsk Jord og miljø, Ås fører vidare forsking og utviklingsarbeid etablert i instituttet Jordforsk. Vi har også historiske røter attende til tidleg 1900-tal gjennom Selskapet Ny Jord og Det norske myrselskap .

a a a