NIBIO
Frederik A. Dahls vei 20,
1430 ÅS

Sentralbord: 03 246
(Man-fre frå kl 0800 - 1530)

Ansvarleg redaktør:
Ragnar Våga Pedersen

Nettredaktør:
Morten Günther

Redigere nettsiden

NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til.

Stjernehagen open for alle
DSCN4768 (3) hagen 2012.jpg
Også i år byr Bioforsk Økologisk på faste omvisingar i demonstrasjonshagen på Tingvoll gard. Hagen er openfor ferdsel på eige initiativ kvar dag, med tilbod om guida turar nokre laurdagar.

-    Vi håper mange vil besøke hagen i år, seier rådgjevar ved Bioforsk Økologisk, Susanne Friis Pedersen. Ho er ansvarleg for drifta av hagen, og fortel at i år har dei eit litt spesielt forsøk med ulike tomatsortar på friland. Neste gong det er guida tur i hagen er 21. juli, deretter 28. juli. Søndag 5. august har Norsk Vandrefestival eit arrangement på Tingvoll gard, og søndag 26. august er den årlege kjøkkenhagedagen.

Sin eigen guide

Som sagt kan ein vere sin eigen guid i hagen. Med ein skriftleg vegvisar i handa kan kven som helst
vandre fritt i hagen, og finn emykje informasjon om det som spirar og gro.

-      Vi håper folk tar med venner og kjente og bruker hagen, seier Susanne Friis Pedersen,
som i sommar kan vise fram ein hage med mange nyttevekstar, grønsaker og blomster.

Susanne Friis Pedersen er ansvarleg for drifta av hagen på Tingvoll gard. Foto Anita Land, Bioforsk Økologisk

 

a a a